Velkommen til Arena Overøye
Arena Overøye er no stengd for sesongen.
Ver og føre:
Blir oppdatert kvar dag minimum 1 time før oppstart.
Generelle opningstider:
Laurdag og søndag: kl 10.30 - kl 16.30 Kveldskøyring tirsdag og fredag: kl 18.00 - kl 21.00
Vermelding frå yr.no
Skiinfo
Sunnmørsposten Lokalguiden
Stordal Fjellservice Løypemaskinen
Kontakt: post@stordalalpinsenter.no Mobil: 90700903 / 90719011
|
|
|
Sesongslutt 2013
Kristian Almås
- 18.04.2013
Sesongen starta 3. februar, og vart avslutta 14. april. Samanlikna med sesongen 2011/2012 vart denne sesongen ein heil del kortare, men ikkje mindre vellykka. Snøforholda var gode gjennom heile sesongen, og storparten av tida var det stabilt og godt vinterver. Berre ein einaste dag var trekka stengde på grunn av veret. Det var laurdag 2. mars. Skisenteret har følgt dei vanlege opningstidene og dessutan halde ope også i vinterferien, påskeferien og mange dagar då skular har avvikla sine skidagar.
Arena Overøye disponerer no godt og driftssikkert teknisk utstyr, og anlegget har ikkje hatt nemneverdig driftsstans på grunn av tekniske feil. Alle kan sjå tilbake på ein god sesong utan alvorlege ulykker av noko slag. Endå om dette vart ein kort sesong, kan Arena Overøye vise til besøkstal og driftsinntekter på høgde med sesongen 2011/2012. Arena Overøye vil takke alle brukarane for ein flott sesong. Takka går også til dugnadsgjengen, sponsorar og andre som har hjelpt til med å halde anlegget i gang.
Bildetekst: Ny orienteringstavle ved Arena Overøye Foto: Kristian Almås
|
|
|
Påska 2013
Kristian Almås
- 01.04.2013
Vi skal berre slå fast at dette har vore ei vellykka påske med omsyn til besøkstal ved Arena Overøye. Langfredag vart det sett ny rekord, og talet på gjester var då rundt 1500. Høgt besøkstal kan i stor grad forklarast utifrå dei svært gode ver- og føreforholda vi har hatt i det siste, men dette er ikkje heile forklaringa. Det skjer stadig utbygging i alpinanlegget og turområdet. Det kan nemnast at det denne sesongen har vore opning både av ny lysløype og av den nye Hau-Pebrua. Slike ting aukar kvaliteten på turtilbodet i området, men det har også ringverknader til alpinanlegget. Mange private hytter er under bygging i dei nye hyttefelta, og det har same verknad.
Bildetekst: Ved Varmestova 2. påskedag 2013 Foto: Kristian Almås
|
|
|
Langfredag 2013
Kristian Almås
- 29.03.2013
Palmesøndag var ein stor utfartsdag i Øvre Stordal, men langfredag slo alle rekordar. Besøkstala for skisenteret og turområdet må doblast i forhold til palmesøndag. Driftsansvarleg ved Arena Overøye seier at besøkstalet ligg på rundt 1500 personar. Dette er rekord for dette driftsåret, men det er truleg også rekord for skisenteret si vel 30 år lange historie. Midt på dagen vart det heller vanskeleg å finne parkeringsplass, og tidvis var det også kø ved påstigingsstasjonane.
|
|
|
Palmesøndag 2013
Kristian Almås
- 25.03.2013
Palmesøndag 2013 vil bli hugsa som ein stor utfartsdag i Øvre Stordal. Det er vanskeleg å seie kor mange som var ute på ski, men parkeringsplassane var nokså fulle over alt.
|
|
|
Skidag med snø og sol
Kristian Almås
- 14.03.2013
Det stabile vinterveret held seg. I dag var det Spjelkavik barneskole som fekk nyte godt av dei fantastiske forholda i skibakkar og skiløyper. Det måtte rundt 10 bussar og ei lang rekke privatbilar til for å frakte skuleelevar, lærarar og andre medhjelparar til Overøye. Slike dagar kan skigleda utfalde seg i fullt mon både for barn og vaksne.
Det er no sesong for skidagar. Fleire skular har alt avvikla sine opplegg, og andre kjem i næraste framtid. I morgon får Arena Overøye besøk av skuleklasser frå Valle og Stette. I dag var alle trekka i drift. Det er verdt å legge merke til at slike dagar er anlegget ope for alle, og då frå ca kl 10.30 og framover til ca kl 14.00.
Bildetekst: På skibandet var det til tider stappfullt Foto: Kristian Almås
|
|
|
Oppsummering av vinterferien i Overøye og Langseterområdet
Kristian Almås
- 24.02.2013
Arena Overøye melder om godt besøk gjennom heile vinterferien. Teljeapparata ved skisenteret viser at det på gjennomsnitt har vore rundt 400 gjester i trekka pr dag. I tillegg til dette har det alle dagar vore stor aktivitet av barn på skibandet. Det er ikkje mykje snø i alpintraseane, men på grunn av at det har vore heller kaldt, har traseane halde seg godt. Mange har nytta alpintraseane, men toppturar er også populært. Dei som har gått til fots frå endestasjonen på 800 meters høgde til toppen av Auskjeret eller Stolen, har fått prøve seg på krevjande laussnøkøyring på nedturen.
Seinast i dag vart det registret at mange var ute i turløypene. Snøforholda er slik at ein også kan gå på ski utanfor opptrakka løyper. Det var tydeleg å sjå at mange familiar med små barn var ute i turområdet. I det fine veret var det mange barn som heldt seg i aktivitet med akebrett og spretthopp godt hjelpte av foreldre og andre vaksne.
Bildetekst: Stolen sett frå Kleivabotn Foto: Kristian Almås
|
|
|
Vinterferie 2013
Kristian Almås
- 13.02.2013
Opningstider i vinterferien Arena Overøye held ope heile vinterferien. I praksis betyr dette at skisenteret er ope kvar dag frå og med laurdag 16. februar til og med søndag 24. februar. Det blir kveldskøyring som vanleg på tirsdag og fredag i vinterferieveka.
Prøve på UNG i vinterferien I vinterferien tilbyr Friluftsrådet for Ålesund og omland eit gratis dagsopplegg for ungdom i alderen 15-17 år ved Arena Overøye i Stordal. Les meir om dette på linken under.
|
|
|
|
|
|